Reisebrev


Lillebror og storebror!
Publisert 2010-02-25 klokka 02:03:00

Då kom han; perla frå muslingen, haien i magen og tøffingen lillebror Driveklepp:)
Farmor har allereie strikka fine gensera til guttane sine:)
Lettmatrosen vegde 4340 gr og var 53 cm og kom den 20.02. 2010, klokka 02.12.
Stolt storebror og veldig krye foreldre. No har vi to flotte gutar, ett bra forsterka mannskap, så om ca ett år skal vi vere klar for nye eventyr i Good Mood.
-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Thomas i Sandnes: Gratulerer så mye! Har lest på siden deres i ett år, og ser fram til å følge reisebrevene deres framover. :)
Per: http://www.reuters.com/article/idUSTRE61Q2ZE20100227

Offa.. fer håpe tsunamien ikkje tok båten
Legg inn ny kommentar


Norway - Noreg - Någge!
Publisert 2009-12-28 klokka 05:39:00
SNØ! Elia storkosar seg i den litt skumle snøtunnellen.

Det er rart å vere tilbake til gamlelandet. For dei som lurer på om vi har frose i hel, så har vi ikkje det, endå. Det er deilig å trekke inn kald frisk luft, og kjenne korleis det frys til i nasen:) Det er flott å få vere ilag med familie og vennar, særleg no når mange er heime i jula. Det var veldig kjekt å få treffe blant anna nye tanteungen min som vart fødd då vi kryssa atlanteren. Ho var ikkje beibi lenger, men ei lita jente på 1 år. Elia har fått leike masse med onklane sine, blitt kjend med søskenbarna og fornya vennskapet med besteforeldre. Han har verkeleg fått fart på språket sitt, ettersom alle pratar norsk her:) Ikkje like enkelt for alle å forstå, men det går stort sett i å fortelle ei fiskehistorie, eller leite fram en usynleg gekko. Når vi skulle ut og leike i snøen her en dag, så hadde han med seg ei spade. Han skulle ut og grave etter krabber!!



Feltvogna var ikkje så enkel å få liv i, då clutshen hadde hengt seg heilt fast, men etter endel hamring vart det stell på "gamlebilen" som Elia seier. Den er ikkje den aller beste vinterbilen, men med firhjulstrekk innkobla og bilen i lavgir, så kjem den seg fram stortsett overalt:) ned i fjøra og opp på fjellet. Elia og Stian har headsett, så dei høyrer kvarandre over støyen, når feltvogna er på vei til feks julemiddag på Hildre i 65 km i timen. Bråkebil og hompetitten vogn, men greit framkomstmiddel når vi ikkje har noko anna.

Grytastranda vs Hildre
Kvar skal vi bo? Då vi kom hit til Norge, flytta vi inn på Hildre, men har etterkvart innsett at det vert enklare å bo på Grytastranda, der alle store hobbyane til Stian er stasjonert. Trailsykkelen har allereide fått lufta seg og det var ikkje lenge før Stian hadde seg ein 20 minutts paraglidertur. Det er også ein stor fordel at vi kan få legge Elia på eget soverom fortast muleg, så han ikkje føler seg utskvisa av lillebror/søster når den tid kjem. Kjelleren heime med Stian sine foreldre er godt egna til familie på 4.

KJEM DET MEIR REISEBREV?
Niks, for i skrivande stund er vi ikkje på noko reise anna enn livets reise, og det er vel ikkje like spennande for alle å følge med på. MEN vi skal ut igjen, og då kjem vi til å fortsette der vi slapp, med nyhende frå alle dei spennande plassane vi skal seile vidare til. Dette blir ikkje før om ett år og det blir kanskje litt lenge å vente. Så her kjem ein beskjed til dei ivrigaste bloggerane våre, (mamma og svigermor) vi kjem til å legge ut små filmsnuttar frå langturseilasen vår so langt. Skal prøve å få til videosnutt 1 gong i mnd eller liknande. Kanskje der kjem ei lita oppdatering når vi 3 etterkvart blir til 4?:)

So long
Elia, Stian og Reidun.
Kommentarer til innlegget:
Jan Skandsen: Hei igjen alle 3-4. koselig å "se" dere igjen. kjekt å høre om krabbefangst i snøen og at det ser ut som dere har kommet greit på plass i hjembygda.
håper vi får "se" nykomlingen på sia. hils til vår lille venn Elia og stor klem fra Hann og Si
Hilde: Koselig "Heimkomne"-brev. Vi gler oss til å ha dåkke i landet i eit års tid!
Legg inn ny kommentar


SMS mottatt frå Japan
Publisert 2009-12-09 klokka 00:06:00
Då e oss i japan å set på bussen til hotellet. Alt e bære bra, bortsett frå at ej e litt forkjøla og litt snørete. Sikkert samme sjukå som elia he hatt siste dagane. Stian
Kommentarer til innlegget:
Anonymous: Kjære dere - fire!!! :)

Her kommer en hilsen fra oss tre som ganske nettop har starta på den laaange reisen hjemover - via panama ja og så videre;)Vi storkoser oss i varmen, ligger på Curacao nå og venter på god vind til Cartagena. Forhåpentligvis blir det jul i Colombia i år. Ønsker dere ei nydelig jul hjemme med familie og kuldegrader i Norge! Håper at vi sees engang på tampen av 2010, et eller annet vakkert sted.

O jul med din glede!

God klæm fra Liva, Anne & Kleng på La Familia
Onkel Anders: Langturseilerane landa på Vigra kl 22:40 i kveld! Ta med flagg og smil og møt opp!
Legg inn ny kommentar


Et klipp frå NZ
Publisert 2009-12-08 klokka 04:35:00

Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


Whangarei, New Zealand
Publisert 2009-12-06 klokka 01:46:00
No er det berre to dagar igjen til vi reiser med fly til Norge! Idag har vi pakka bagasje, stua ned alt som var ute på dekk og gitt vekk mat som ikkje skal ligge her til innsekta. I morgon (mandag) skal vi flytte båten til pilemoorings (der den skal lagrast ett år). Deretter er det berre å vente på tirsdag, då vi skal ta buss til Auckland og Watermelon! Vi skal få overnatte med dei siste natta, før vi dreg til flyplassen og flyg heimover mot kaldare strøk.


Opportune overraska oss med å ta turen innom New Zealand, før dei dreg vidare til Australia i januar. Dei ligg no ved sida av oss og er ikkje lite missunnelege på oss som skal heim. -At dåkker vil dåkker så vondt, sei Rune, -hejm til sludd, kulde og regnvær på sunnmøre, nej takke mei til... De e nu mye bedre hær i varmen!! HåHå... han veit ikkje kva vi skal heim til han, han skjønna kanskje ikkje bredden av det å verkeleg ha det så låkt på havet, at ein ønskar seg milevis derifrå. Det blir godt med ei pause, der vi kan fordøye alle inntrykka og få legge oss ned på graset og kjenne at alt står stille, få prate med familien vår heilt gratis, og ete det ein vil, når ein vil det.

Til dei som har fulgt med oss; håper vi ikkje har skremt nokken med dei fæle reisebreva om spying og havoverfart. Viss det kan vere til trøst så har eg allereide gløymt kor fælt det var, og gledar meg MYKJE til vi kjem tilbake og skal seile vidare mot dei flotte øyene som vi ikkje rakk å besøke i denne omgang. Ett år går fort og vi må nyte dei dagane vi har heime, før vi hiv oss avgårde på nye stillehavseventyr!

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Onkel Anders: [09:55:36] Stian og Reidun sier : No set oss i baaten watermelon i auckland og skal til aa legge mej
Legg inn ny kommentar


Whangarei
Publisert 2009-12-02 klokka 10:23:00
Skal vi liksom ha 10 ungar til? Neppe, niks. Stian og eg var smårbarnsforeldre for alvor igår. Til no har vi hatt berre snille og rolige Elia, og tenkte at vi kunne hjelpe desse naboane våre, så dei kunne gjere seg ferdig med pakking og ordning av alt som skal ordnast før dei flyg heim til Nederland i dag. Boaz, Daniel og Joel kom over i båten vår 9.30, og vi passa dei til 17.00. Av desse timane søv dei 3 kvarter... Stian og eg bytta på å passe tvillingane og dei store slåstkjempane våre. Elia og Boaz har etterkvart blitt varme i trøyene og er ikkje alltid like glad i kvarandre;) Daniel og Joel (1-åringane) var derimot mykje kjekkare og leika seg fint i salongen. Good Mood er ikkje så stor, men no vart den veldig liten, då alle desse karane skulle underhaldast. Det morsomaste var likevel når vi gjekk på leikeplassen og folk sperra opp augene av alle ungane våre og den store magen min! Flerie stoppa opp og spurte etter alderen på dei skjønne tvillingane mine;) Stian, Boaz og Elia for høgt og lavt, eg veit ikkje kven som hadde det mest gøy i leikestativa.

No skal vi flytte båten, kjøre den inn på grunna på flo sjø og fortøye den til pålar. Der skal den får stå idag medan det fjørar, så kan vi skifte bunnventil, sjekke skroggjennomføringar og bytte sink. I 21-tida ikveld er det flo igjen, og vi kan gå tilbake til Marinaen. Spennande!

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Reidun: haha.. so du fekk lagt ut en lite lovlig film på youyube? Stian he no ikkje på sej motorsykkelhjelmen sin, og de burde han absolutt ha til forbilde for både liten og stor;) du får ikkje fleire filma me mej;)
Ej trur Elia sei padageide;)Og han vil gjerne prøve han også, men ej he sagt han får vente litt.... (til en dag ej ikkje ser på, kan ikkje risikere fortidlig fødsel)Neida, ej trur nokk de snart blir lufta på gutten også, han digga å sjå på når pappan dreg skjerm!
Per: Flyge partaglitter? hihi!

http://www.youtube.com/watch?v=bWBq51HCdSM
Mannskapet på Good Mood: Då er båten på vatnet igjen med 2 nye skroggjennomføringar og litt meir sink. Det gjekk veldig fint å fortøye båten på flo og jobbe på fjøre sjø. Billig alternativ til å bruke kran. Var litt nervøs ei stond fordi eg fann ikkje igjen den nye skroggjennomføringa som Elia hadde leika med. Dukka heldigvis opp i tide.
Legg inn ny kommentar


Whangarei, town basin Marina
Publisert 2009-11-22 klokka 17:38:00
Det er luksus å ligge i havn!
Alle storkosar seg;

- Elia; sprett over i nabobåten til leikekompisen Boaz, eller Boaz hoppar over til oss

- Stian; fiksar og limer på vindu, byttar akseltetning på kjølevanspumpa på motoren, monterar nivåregulert lensepumpe, galvanisere ankerkjetting, ser etter ny steikeovn, montere lås på luka vår, kjøpe kofferta ++

- Reidun; får bruke masse vatn! dusje (uææ all brunfargen reise, og ej som trudde ej va brun og so e ej berre grådi skitten...) blir oppdatert på alle som har fått unga eller er gravid heime;) vaskar mugne kle og svartflekkete gardiner, surfar på nett og skravlar på skype, går ut med Elia og Boaz, så Stian får fritt spelerom i båten med aceton og svart sikafleks. (Elia var uheldig å trakke på en svart flekk.... og dørken fekk mange fine svarte flekka. Stian forta seg å vaske av med aceton, men det var ikkje så lurt, for då reiste lakken av dørkeplatene.)

- Familie og vennar heime; får kvar sin dag med nokre timar med webcamera og skravling med Elia, magen til Reidun, Reidun og/eller Stian.


Vi har fått havneplass her i Marinaen utanpå en båt frå Nederland. Båten heiter Dingo og er en familie på langtur. Dei har Boaz 3,5 år og tvillingane Daniel og Joel på 1 år. Når då Elia også kjem på besøk, vert dei eit hærleg team;) Boaz og Elia er litt samme type guttar, litt skeptisk til andre ungar, rolige og glade. Dei har blitt bestevennar, og kosar seg i kvarandres selskap. Mest morro har dei med å hale opp bøtte full med saltvatn, som dei heller over kvarandre og blir klissvåt. Ellers er her ein flott leikeplass, rett ved marinaen. Elia har fått klatra, dissa og svinga seg så mykje, at han har utvikla seg enormt på denne veka. Språket derimot er ei litt større utfordring. Verken Boaz eller Elia kan engelsk, derfor pratar eg engelsk til dei når vi er ute ilag. Av og til sei eg setninga på norsk etterpå, slik at Elia gjer det som blir sagt og Boaz følger på. Det fungera ganske godt, men eg høyrer at det går på både nederlansk og norsk bak i soverommet når dei er der og leikar.

-Plasse! sei Boaz, -Plasse, sei Elia, og så tissar dei omkapp i graset ved leikeplassen.

Vi har etterkvart funne ut at vi vil forlate båten her i Whangarei. Det vil sei at vi ikkje kjem til å ha den på land, men skal forlate båten fastbitta til 4 store pålar i elva her. Dette hadde Dingo god erfaring med i fjor, då dei slik som oss, for heim for å føde stillehavs beibiane sine. (vi har ikkje bestillt tvillingar altså viss nokken skulle lure, en unge av gangen er nok. Men nabobåten er i grunn eit god bevis på at alt går an berre ein er innstilt på det!;) Båten vår kjem til å få godt ettersyn av marinasjefen her, så Stian har en grei magefølelse for å etterlate båten på vatnet.
Då reiser vi ikkje til Auckland med båten vår likevel, men blir her i litt over 2 veker til, før vi flyg heim. Viss oss blir ferdig i god tid, kan vi kanskje stikke ned og besøke Watermelon der. Kombiere avskjedskos og overnatting, før vi skal flyge frå Auckland flyplass tidleg onsdagsmorgon den 9 des.

- Reidun
Kommentarer til innlegget:
Jan: Hei alle 4 . Det var litt av en overfart dere har hatt - vanskleig og toeff start og slutt. Foeler med dere naar du beskriver hvordan dere hadde det. Skulle ha vaert der og tatt over vakten for dere - deg - synd forferdelig synd paa dere naar boelgene herjer. Men flott at dere fikk en mer rolig periode selv om det blir diesel. Toeft med utregn din Stian - du er en kloepper og Petter Smart. Forstod at autoplioten sviktet igjen og flott at du fant feilen. Det er godt at Elia har faatt seg kompiss og de tisser i vei paa gresset - koselig bilde. NZ er kaldt og vi har sett at dere ikke har hatt den store sommervarmen. Vi har vaert 4 uker i Australia naa og siste 3 ukene har vi hatt 30-40 gr og faat kjent hva varme vil si. Naa er det nede i 20 gr og iskaldt. Vi reiser hjem til Norge i morgen og gleder oss selv om vi har hatt mange opplevelser her og etter 5 uker paa kryss og tvers i NZ. Vi vil oenske dere god tur hjem og haaper dere faar gjort det dere skal foer avreisen. Mange klemmer fra Siv og Jan og en kjempeklem til Elia.
Legg inn ny kommentar


Whangarei
Publisert 2009-11-17 klokka 00:36:00
Hey hey...
Oss he akkurat lagt oss ved sida av en Amerikansk båt heilt inne i Whangarei sentrum. Det var berre så vidt at eg (Reidun) fekk med meg Stian inn hit idag. Vi ankra opp ved elveinnløpet for å vente på at straumen skulle snu, så vi fekk medstraum inn til Whangarei sentrum. Stian røska ut paraglideren og stakk til fjells. Vel oppe i lufta vart han verande i 2 tima! Han kosa seg og flaug ved ett heng (ca 150 m høgt fjell) og vinka ned til Elia og meg i båten.

Turen hit gjekk greit, begynnelsen var litt hompete, men resten gjekk greit. Elia syns vi skal fare til nusilan, der vi skal flyge heim til någge. Vi forsøke å forklare at vi har komt fram til NZ, men at vi må fikse og vaske og pakke først, før vi kan flyge heim. Elia har allereide pakka ett favorittDonaldblad. (onkel skrue bada i badekar, og det skal Elia også gjer heime i Någge!!)

Watermelon kom til Opua dagen før vi reiste videre. Dei var veldig sliten og måtte berre forte seg vidare til Auckland etter at dei hadde sjekka inn. Elia og Lea storkosa seg ilag, og var ikkje så glad for å skiljast så fort igjen, men vi skal også nedover til Aukland etterkvart, så då får vi treffe dei igjen.

Canela og Watermelon har ikkje fått nokken større fiska på vei nedover frå Tonga til NZ. No gjennstår det å sjå korleis det går med Govvop. Dei oppdaga ei stor sprekke i kjølen, så dei måtte berre ta opp båten på Tonga for å gjere ein midlertidig reparasjon, før dei tek til på turen ned til NZ. Håpe det går bra med dei nedover. Vi er veeeeeldig glad for at vi er ferdig med denne strekka:)

Her i Whangarei skal vi kjøpe sko til Elia, gravid bukse til meg og båtutstyr til båten. Stian får ingenting;) Han er glad visst vi kan stikke til en bakketopp her i nærheita, så han kan få flyge litt meir paraglider.

To vindu er reparert og tett. Då står det att 2 til på styrbord side. Ellers må vi forsøke å vaske ned båten, hive eller gi vekk alt som vi ikkje kjem til å ete opp og prøve å bli kvitt maur, møll og mjøldyr.

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


SMS frå Good Mood laurdag kveld (14.nov.) norsk tid.
Publisert 2009-11-15 klokka 01:47:00
Hei. Vi har ankra opp utanfor Paihia og skal handle til ca. 4-dagerstur. Vi satser på å kome oss til Wangarei tirsdag eller onsdag. Elia leiker seg på leikeplassen no. Det regner her.
Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


Opua, New Zealand
Publisert 2009-11-08 klokka 05:14:00
-Kom og kjenn lukta, Reidun. Klokka er 02.00 og Stian prøver å riste meg våken. Eg sett meg halvegs opp i senga og gnir søvnen ut av augene før eg svarar med ett gjesp; -Kva lukt? Men han er allereie på vei opp trappa og ut. Eg lirkar meg laus frå Elia som ligg tett inntil meg fordi båten er så skeiv. -Så vi har visst seilvind endå, tenker eg og krabbar ut til Stian. -Kva er det for ei lukt du snakka om? spør eg igjen, lettare irritert og hutrar over den kalde vinden. - Kjenn! Beordrar Stian. Eg stikk haudet ut av cockpitteltet og ungår så vidt å få en sjøsprøyt i tryne medan eg sakte dreg inn lufta. -iiiiskaldt, sei eg. -Jammen kjenne du ikkje lukta? Med romantisk stemme syng han ut; Saudebæsj Reidun, Saudebæsj!! Har det rabla for Stian eller? Så kjenner eg det. Eimen av jord, skog og .....saudebæsj! -No er vi snart på NZ, Reidun. Vi klarte det! - Ja vi klarte det, svarar eg med eit smil om munnen. Stian innhalerar saudebæsjlukta og gliser frå øyre til øyre.

Det er min tur å halde vakt. Båten dansar seg framover og vinden bles temmeleg friskt. Eg får ei skive med Stian som eg et andektig for at den ikkje skal komme so fort opp igjen. Stian sovna fort der han ligg i salongen, sjølv om båten kastar og hiv på seg. I 3 tida har vinden auka på. 30 knop! Bårene blir større og av og til får vi ett dask framme i baugen så det smell høgt og ristar godt i skroget vårt. For en stor kontrast til dei forrige dagane, der vi hadde blekkstille hav og enkle vakter. Sjøen skiftar både form og farge, vanvittig fort. Eg kjenner at eg bør ligge ned, så eg stiller alarm på moilen og let tankane flyge langt vekk frå alt som har med båt og hav å gjere. Sjøverksterapi. Med ein gong Stian og eg startar ein samtale om dei heime, eller noko anna morosamt, så går det mykje bedre på havet. Det er særleg interessant å diskutere korleis det framtidige huset vårt skal sjå ut til dømes. Det er nesten som om vi er forlova igjen, og diskuterer korleis vi skal bo og slikt. Den største forkjellen frå då til no er at vi begge har sterke meiningar om korleis ting skal vere. -Komfort eller utsjånad? Sleng eg ut i lufta, der Stian sjølvsagt svarar utsjånad! Då er vi igang, sjølv om eg har ein mistanke om at han svarte nettopp utsjånad for å få ei artig meiningsutveklsing. Eg bryr meg lite om huset vårt ser ut som ett kråkereir, berre det er stor plass til masse besøk og ein god sofa som folk kan sitte lenge i. Stian skal ha mange garasjer. Minst 3, pluss en verkstad. Og han har forklart i detalj kva som som er i alle garasjane. hohoho....jammen blir et spennande om nokken år, korleis det ser ut heime med oss. vindmølle i hagen (eg regnar med at han snakkar om ei sånn lita pynte greier) og hest og kjerre på låven.

Ikkje alle gongar er Stian like grei å snakke med. -Prat om nokke, sei eg, lettare sjøsjuk. -Tja, det skal no bli artig å få vere med på en ny fødsel igjen, svarar han med eit breidt glis om munnen. -åfytti rakkern! Det er absolutt det aller siste eg vil tenke på no og aller minst prate om. Eg blir liggande å furte litt og syns synd på meg sjølv. Æsj, kva er vel en fødsel? Berre 12 tima med konstant pain og påfølgande dagar i smerterus. Fysj og fy. Men så kjem Elia der, med lysaste stemma si sei han; -mamma? ej e ga i dej! Då smeltar hjertet og eg vil plutseleg ha minst ti ungar til. Elia er berre heilt konge. Etter nattevakta mi brukar eg som regel å skulle søve litt. Det er ikkje alltid like enkelt for Elia å halde seg vekk frå soverommet. Her ein dag kom han inn og ville leike inne i hytta (under dyna). Eg spurte kva dei styra med der ute. -Såg stoo fugl! -Å, svarar eg, -kva slags fugl då? -Albatåss! Desse gigantiske fuglane er eit syn her ute. Dei svevar nært sjøen og treng latterlige få vingeslag for å halde seg på farta. Det er heilt komisk å sjå dei flyge ilag med andre vanlege fuglar. Albatrossane seilar majestetisk. Ein forvokst måse med ørnevinga. Elia har allereie gløymt at han skulle besøke meg, han vil ut og sjå albatåssen igjen.

Stian fann forresten feilen på autopiloten. Slark i kulelager, så det datt frå kvarandre. Eit strips var det som skulle til for at vi kunne kjøre siste innspurten til NZ, for motor og autopilot. Godt at det ikkje var meir seriøs feil.

Siste leverpostei boks er opna. Siste tomatsuppa er vekk. Makrell i tomat er det heller ikkje meir igjen av. Vi (les reidun) har spart og gjømt unna desse godsakane til spesielle dagar der det er ekstra kjekt med litt norsk input. No er det tomt, så då er det på tide å komme seg heim en tur. Dessutan er vi litt lei. Det har vore ei fantastiks oppleving til no, men vi treng å fordøye alt. Vi går altfor fort igjennom eventyret. Egentlig skulla vi brukt 3-4 år, berre her i stillehavet. Det er så mykje vi gjerne skulla sett meir av! Men no er vi klar for ei pause. Jobbe masse, få en beibi og la Elia få bli bedre kjent med familien sin heime. Etter eit år trur eg at vi vil tilbake og er klar for nye eventyr.

Insjekkinga på New Zealand gjekk som ein draum. Vi kom inn laurdag, slappa av og sov ut. Idag (søndag) har vi tatt syklane på land og skulle angiveleg sykle 5-6 km til Paihia. Etter første oppoverbakken protesterte bekkenet villt på den ugreie sykkelstillinga, så Elia og eg stoppa på ein barneskule og leika med apparata der, medan Stian sykla litt rundt og sjekka ut staden. Der er visst berre opp og nedoverbakka, samme kor ein skal, så det blir vel til at vi leige en bil ein dag. 100 kr for en dag er ikkje store summen. Då grur eg meg heller til venstre kjøringa. Huttetu. Eg får sitte i baksete ilag med Elia og late att augene, så Stian får konsentrere seg. Då går det vel bra tenke eg:)

Framover kjem vi nok til å sjekke opp prisar på lagring av båten vår. Dessutan vart Stian veldig gira på paraglidertur, då han såg slettene og naturen her på NZ, så eg regnar med at det blir litt fjelltura også. Det blir godt å få bevege beina etter mykje stillesitting i båt.

Her er veldig kaldt. Dei lokale spring rundt i shorts og genser, medan vi har på all ulla, pluss bukser og jakke. Kalde, kalde nordboera.

Obama og vi landar på gardermoen ca 10 des. Det blir stas å komme heim! Men først skal vi tette vindu, fikse kjøleskap og finne ein rimeleg plass å lagre båten.

Over og ut frå saudebæsjland,
-Reidun
Kommentarer til innlegget:
sigrid: Å så bra.. at dokke he fast grunn under føtene..
og kjem dokke samtidig med Obama blir det nok stas...
God tur heimover...
Legg inn ny kommentar


SMS frå Good Mood
Publisert 2009-11-06 klokka 04:23:00
FYSJ! masse vind å bølge rett i fleisen 20kn++. autopilot død. sjøsjuk. prøva å krysse siste 100nm. so nært å likevel so langt ijen. so pyton!
Kommentarer til innlegget:
Grete: Grete:Takk og pris! Har vore sååå spent også under denne siste etappen. No kan eg puste letta ut. Å,jada vi heng med og ventar spent på siste oppdateringer og bilete:)
GOOD MOOD: har komt fram til NZ!!
Hilde: Hallo alle intereserte! Good Mood er framme i Opua. Reisebrev kjem i løpet av helga. Heng på folkens!
Legg inn ny kommentar


Dag 9 til dag 11
Publisert 2009-11-05 klokka 02:11:00
mandag 2 - dag 8. gjekk bort til seilbåten Tauhara. for mykje sjø til å komme for nært. dei fiksa genoa.

tirsdag 3 - dag 9. krusningar på sjøen og enkelte lange dønningar. ingen vind. Elia er reine picassoen der han målar det eine bildet etter det andre. Gjett kva han målar? Fisk så klart, i alle mulige fargar. motra opp på sida av Tauhara igjen, dei fekk masse kalkun på boks og beefstuing, i bytte mot info om Opua. Stian gjer ein omfattande dieselforbruk test. Fullmåne om natta. Radar på. Vi søv i salongen, så vi hører når alarmen går.

onsdag 4 - dag 10. 320 nm igjen. ca 4 knop fart. baka brød, vaska opp, joikakake og potetstappe til middag. Det eitt års gamle bunnprislageret har vi spart på til nettopp denne siste inspurten. namnam. Elia har fått leike med plastalin idag. Vi lagar mange elefantar, giraff og hus med vindu. Etterpå tar han lille kniven sin og skjerer alt opp i småbitar. Anar vi en liten link til all denne fiskeparteringa? Trur det blir sunt å komme seg litt vekk frå sjøen og fiskinga ei stund. speilblank sjø, blekkstille hav, stille før stormen eller? vi forstår at folk før i gamle daga trudde at jorda var flat. Det ser ut som vi kjøre rett ut mot en kant og en foss. Radarvarsling på. Vi søv godt til den begynn å alarmere febrilsk. Den har fanga opp regn og skyer som kjem mot oss frå sørvest. Vi sprett ut og hiv opp meir seil. jippi 5 knop!..... i snaue 10 minutt, før vinden daudar og seila blafra.

torsdag 5 - dag 11. 200 nm igjen. litt vind frå sørvest. sjølvsagt går vi for motor. No vil vi fram. Frå Bunnprislageret idag; fiskebollar med poteter og kvitsaus!

Stian:
No har vi virkelig begynt å klø i fingrane etter å få komme til land og sjå New Zealand. Det er dag 11 på sjøen og motoren har no gått konstant i tre dagar. Vi har hatt blikkstille og flatt hav i tre døgn og i dag har vinden så smått begynt å komme tilbake. Då vi begynte å gå for motor visste vi at det skulle bli stille i fleire dagar og det store spørsmålet blei fort om vi hadde diesel heilt fram til Opua. Eg visste ganske nøyaktig at vi hadde 300L diesel igjen men har aldri virkelig fått vite kor mykje vi bruker i timen. Det er selvfølgelig mykje å spare på å køyre motoren rolig og finne seg i at det ikkje går så fort, men uansett ville de bli mykje gjetting kor lenge dieselen vil vare. For å få et skikkelig svar på dette laga eg til ei flaske med diesel der eg merka av mengda oppover som på eit målebeger. Så kobla eg dieselrøra av på motoren og sette slangar frå flaska til motoren. No kunne forskinga begynne og eg køyrde motoren på mange forskjellige turtall medan eg noterte meg kor lenge motoren brukte på å drikke ein liter. Resultata var bedre enn eg hadde håpt på og måleresultata enda til slutt opp som ein graf der eg kunne sjå dieselforbruk i timen på dei forskjellige turtall. Som eksempel gjekk det ved 1500rpm-1L/t og ved 2000rpm-2,2L/t. Samtidig med at eg noterte meg forbruk skreiv eg ned kor mange knop vi gjorde på dei forskjellige turtala. Ut i frå dette fekk eg ikkje berre vite at vi kunne nå NZ ved å gå med motor heile vegen, men eg kunne og finne ut kor hardt vi kunne køyre før dieselen ikkje ville rekke heilt fram.

Nok om det. No har eg kansje mista ein del lesarar på denne lange utgreiinga mi om dieselforbruk, men eg håper at spesielt interesserte fortsatt heng på. Motorkøyring har mange negative sider som at det bråker, og det er dyrt å bruke diesel, men det fører også med seg diverse fordelar. Ubegrensa tilgang på straum er eit av goda, og det igjen fører med seg at vi har radaren mykje på. Når det er flatt hav og finever fungerer radaren også meget godt, og dette har gjort at vi har kunna sett på "guard sone" på radaren og dermed får vi alarm visst noko kjem i nærheita. På grunn av dette har vi kunna slurva litt meir med å halde utkikk, og lurt til oss litt ekstra søvn.
Ellers dukkar det stadig opp spørsmål i forbindelse med å forlate båten på NZ eit heilt år. Skal vi ta båten på land, eller skal vi ta tjangsen på å la den ligge på sjøen? Det siste er langt billegare. Kva med watermakeren. Kan den stå stille eit heilt år? Og batteria ombord som solcellene stadig lader på, vil desse tørke ut når ingen etterfyller vatn? Vi har også eit aukande maurproblem ombord. Kva skal vi gjere med dette? Risikerer vi at innredninga er oppeten når vi kjem tilbake? Lista med spørsmål blir berre lengre og lengre til meir ein tenker seg om, men det blir vel ei løysing på alt til slutt.

Posisjon
32*00.00 S
175*18.88 E
Ikkje lenge igjen no! Vi regnar med å vere framme om 2 dagar!
- Reidun og Stian
Kommentarer til innlegget:
Hilde: Beklager at eg rota litt med posisjonane eg prøvde å legge inn sist og i dag. Good Mood har no posisjon E i stadenfor W, og det tenkte eg ikkje over, så det såg nesten ut til at dei hadde mista kursen mot New Zealand, men no skal det vere rett, og det er råd å sjå at dei nærmer seg målet!
Legg inn ny kommentar


Dag 6 til dag 8
Publisert 2009-11-02 klokka 06:40:00
laurdag 31: frå minerva dag 6
- frisk vind, rotete sjø. 7 båta ut ilag.Grått fly frå NZ flaug lavt over alle båtane, kalla opp en og en og spurte etter informasjon om båt, kor vi kom frå og kor vi skulle. Elia sa ÅÅÅÅÅHH når flyet flaug lavt over oss. Irriterande å tenke på at dei straks er heime igjen på NZ og et middag, medan vi må seile lange havstrekka først. slo følge med 3 andre seilbåta til natta. les bøker og høre lydbok. reidun natt, stian dag. 138 nm dette døgnet! ikkje verst.

dag 7: søndag 1 nov
-hadde vhf kontakt med 2 nz båta, men om natta starta dei motor og gjekk frå oss. Mannskapet på begge desse båtane har blitt skikkeleg forkjøla. Skipperen på eine båten måtte stå for å få til å søve ei natt. Hosta heile tida og uvel i kroppen. Vi pakka oss godt inn. Skal ikkje bli sjuk no. Elia synst ikkje nokke om å ha på seg så mykje kle. Han er vand med å springe naken både ute og inne. Etter litt forhandlingar går han med på å ta på seg ull trøye og Gråtass genser! - Fammo tøpt. sei han stolt. -Nei, farmor har strikka den til deg Elia, rettar eg. -Nei, fammo tøpt tikken!

Der kom en anna seilbåt ganske nær. kjekt med selskap. Tabba oss ut då vi fekk stor sverdfisk på kroken. Snøret rasa ut som ein illsint kveps, og vi stoppa båten heilt for å snu etter fisken. Det var ikkje så lurt. Fiskesnøret vart altfor slakt og dermed kunne fisken berre riste litt på haudet og kroken var laus frå munnen. -møst'an, sa Elia. Ja det var like greit at vi mista den syns eg. Der var begynt å bli seint på kvelden og ikkje så kjekt å kjempe med fisk når det er mørkt ute og guffen sjø.

dag 8: mandag 2 nov
-roleg hav. lange dønningar. lite vind. vi ligg sist av alle dei 7 som gjekk ut frå minerva. Dei andre har gått mykje motor. vi seglar heller 3.5 knop og sparar diesel. Vil ikkje gå tom 50 nm utafor NZ.

- om morgonen prata vi med seilbåten Tahara, også frå NZ. Dei var like pratesjuk som eg(reidun) så det vart en triveleg samtale. Dei ville gjerne gi oss nokre råd med tanke på kvar vi skal ha opp båten. dei har bygd seilbåten sin på NZ. Elia og reidun laga pizza, medan stian fikk seg en kvil på auga. Tahara gir oss siste værmelding, og fortell at der kjem 140 (!) seilbåta bak oss. både frå Fiji og Tonga. jøye mej! dei kjem vel til å ta oss igjen, for vi går veldig seint no.

dag 8, natt til dag 9:
Komfor på havet! stille sjø, ingen vind, nokre dønningar her og der. Vi går for motor. radaren er på med varsling når der kjem båtar. vi er oppe på sida av Tahara. spørst om det ikkje blir coctailparty idag. dei fåreslo det viss det skulle bli heilt stille slik som no. kva er eit coctailparty foresten? eg får bake ei eplekake i tilfelle dei kjem over en tur;) rart kor fort det kan skifte. rotesjø og spy og elendigheit i eine augeblikket. så blir det stillt, og det går an å vaske opp, lage pizza, ta en etterlengta dusj og ete masse fersken på boks! det siste har vi forresten altfor mykje igjen av. Stian oppdaga lageret med 8-9 boksar fersken som han tappert har kasta seg over. Det går som det går, mykje gass i magen! Eg fåreslår at han skal gå bak på dekk og skyte fart i skuta vår. - Kan ikkje skremme Blue Marlin! får eg til svar.

Vi går som sagt for motor, vi er vist midt inne i eit høgtrykk. 486 nautiske mil igjen til OPUA, NEW ZEALAND! Det betyr kanskje at vi er framme fredag eller laurdag. Hærlig!

Tahara sei at der er 10 grader i Opua no. Styggkaldt. Vi grur oss til kulda heime i Norge. Det er berre å fyre i peisen dåkke. Vi kjem til å vere nokken skikkelege kaldingar. For dei som lurer på kvar oss skal bo; vi har ikkje tenkt å bo i båten vår nei. Den får ikkje plass på flyet heim. Men vist nokken har ein ledig båt eller ein lugar eller to til overs, så kjem vi gjerne og bor der. Foreløbig er der mykje plass både på Hildre og Gryta, så eg trur ikkje det vert nokke stort problem å finne eit krypinn. Vi gler oss skakk ihel til å møte igjen familie og venna. Beskjed til Steffen; ha primus og den nye supersoveposen klar til bruk, Stian klør i kroppen etter ei utfordring på fjellet.

Posisjon:
27*23.52 S
176*54.70 E
486 nm igjen til Opua, NZ.
Vi motrar og gjer 4 knop.

Fryd og gammen:)
-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Sister Anna: Liva, Anne og Kleng har komme seg ombord i Lennuk. Me gledar oss til å segla med dykk fire, om eit år. Kanskje ikkje frå NZ? Etterkvart kan de følge oss på www.7hav.com, men for nå følgjer me heller med dykk. Måtte de få siste gode dagar på havet før de tek dykk ein pause med brunost og komle.

Ship o`hoy!
Legg inn ny kommentar


Minerva Reef - dag 5
Publisert 2009-10-30 klokka 01:49:00
Posisjon
23*39.588S
178*54.859W

Dag 2 starta ikkje like optimistisk som det forrige reisebrevet slutta av. Vi fekk vind rett i nasen og måtte til med kryssing for å holde kursen mot Minerva Reef. Vi trudde ikkje at dette skulle vare så lenge, men tok grådig feil. Vinden blåste opp til 25 knop og bølgene blei rotete. Stian laga pannekake i virvaret, men eg klarte ikkje ete. Fekk tilslutt ned litt spagetti pasta.

Dag 3: Fortvilande lite vind og tullesjø. Det går seint med oss og av og til i feil retning. Vi gjer kanskje 20 nautiske mil i døgnet mot Minerva reef, til samanligning gjer vi meir enn 120 nm på eit godt døgn. Vi har grei rutine no; Eg legg meg i 19 tida, og står opp når Stian vekke meg i 1-2 tida. Så sitt eg oppe til 7-8 og guttane våknar. Så får eg søve litt, medan Stian tek seg av frokost og underhaldning av seg og Elia. Det er mykje slåing framme i baugen. -Dunk, dunk, sei det, når båten hoppar fram i neste bølge. Stian ok, Elia ok. Beibi ok. Elia får sjå mykje film..Eg spurte han forresten om det vart gutt eller jente som skulle komme ut frå magen min. hm.. -Beibi, sa han. Eg er enig. Det får komme en beibi først, og så kan det få bli gutt eller jente etterpå;)
Sol og blå himmel - iskald vind. Minne oss mykje om våren i Norge.

Dag 4: Litt meir vind og vi kryssa oss framover i stampesjøen. Regnbyger med opptil 30 knop vind. Lang natt, Elia har av ein eller anna grunn sove veldig dårlig. Han makka mykje då eg skulle søve før vakta mi også. Båten er mektig skeiv heile tida. Det er ikkje lett å ligge bak i store senga. Lett for at vi trillar av og ned på dørken. Eg spurte Stian, med en viss ironi i stemma, om vi ikkje skulle ha oss vannseng i huset vårt en gong i framtida. - Då skal eg lage ei seng med bølgesimulator, glisa han. - Då kjøm du til å ligge mutters åleine, svarar eg.

Minerva Reef: Endeleg! Her ligg 7 båtar. 2 av dei stakk rett etter at vi hadde komt, resten går imorgo. Med ein gong ankeret er nede sett eg ein brøddeig, og så et vi poteter og dorado, som vi fekk like før vi kom inn til revet. Vi et masse mat idag, slappar av, og vaskar opp i rotet i båten. Stian fiksar dassen, som har lekasje og renn over kvar gong vi krengar over til eine sida. To brett med bollar rekk også å bli laga, før vi sett oss ned med kvar sine ting. Stian les bok, Elia ser gråtass og eg skriv ett lite livstegn frå Good Mood her ute i stillehavet.

Inatt skal vi søve i ei rett seng, her er desverre lite bølger, så stoppet bør ikkje bli så langt at vi blir mottagelige for sjøsjuke igjen.

Denne turen til Minerva reef skulle ta 2,5 døgn, men vi brukte 4 døgn. Resten av turen er ca 800 nm og VISS oss er heldig så klarer vi det på 8 dagar. Men som sagt, alt kan skje ute på det store havet. Værmeldingane sei at det skal bli bra seilvind, men dersom dette skulle endre seg så kan det bli mange fleire dagar på sjøen. Vi får sjå. Imorgo (laurdag 31. okt) seglar vi vidare.

Vi er underveis mot NZ!!!

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
A: Fulgte det ikke med le- plater til å ha i akterlugaren slik at en lå i ?bås? ?
Legg inn ny kommentar


Dag 0 og dag 1
Publisert 2009-10-27 klokka 13:57:00
Posisjon: S 22*58
W 177*22

Pyton, pyton pyton.
Notat til meg sjølv; ikkje finn på å bli gravid på sjøen igjen.
Vi tok farvell med venna og andre seilera som låg attme oss inne i havna. -See you in NZ, sa vi. Rar setning. Oss er faktisk på vei mot NZ. Eg hadde forberedt Elia på at han skulle ut på en lang seiltur, så då eg spurte om ikkje Lea skulle få en klem med han, så gjekk han faktisk bort til henne og gav ho en god klem. -Bye,bye, sei han.
Ut frå øya får vi krapp sjø og mykje vind og mange bølger. Så lenge eg sitt oppe, så går det bra. Eg syns dette er heilet tullete, å fare ut når det er så mykje sjø og bølger, men Stian har sett værmelding. Han er ustoppeleg. - Hjelp meg å krysse, sei han. Eg ser tvilande på tauet. Det betyr at eg må forlate den trygge plassen på eine sida, for å sette meg ned på andre sida og få nye bevegelsa i kroppen. Det går bra, men eg høyrer at Elia grin. Han som nettopp har sovna. Det var altfor tidleg å våkne av formiddagsluren no. Eg går ned til Elia. Legg meg opp i senga. Elia legg seg heilt inntil meg i ei skeiv seng og sovnar vidare. Eg ligg der og lurer på om dette går bra. Det er faktisk mindre bevegelsar her bak i båten, men magen likar seg dårleg. Eg kjenne kvalmen sige på og klarer ikkje stoppe det som er sett igang. Den delige hamburgeren som eg skulle ha så lenge kjem oppp igjen. Med dressing og løk og heile pakka. Deilig? Nei, pyton. Eg går å legg meg igjen. Sovnar.

Elia og eg ligg å småpratar. Ingen av oss vil opp til Stian. Båten dansar og sprett og Elia forstår alvoret. -Mamma dåli? spør han.-Ja, nikkar eg svakt. Stian kjem med ei skive til oss. Kvitost på. Det går greit, nei det gjer det vist ikkje likavel. Medan eg forbrilsk prøvar å ligge heilt i ro, har beibin i magen våkna! Den sparka fotball og spelar volleyball på samme tid. Det var berre 3 små bitar som skulle til av skiva, eg spyr så plutseleg at eg rekk ikkje springe på do. Leikebøtta til Elia får duge. -Mamma py, sei Elia til Stian som har komt inn, medan han gomlar fornøgd på resten av skiva.
Eg går opp i cockpiten. Eg grin. Stian held rundt meg og forsøke å trøste. -Ditta er berre pyton, sei eg. Vi har ikkje kom oss lenger vekk frå øya enn en liten fis, og likevel er eg allereide tom i magen. -Eg har tatt inn fiskesnøret, sei Stian. Han er sprø som i det heile tatt har hatt det ute. Eg grin litt til. Pyton start på en pyton tur.

Nattevakt. Stian vekke meg klokka 0030. Han er dårlig. Han har ikkje spydd, men det var vist tett på. Eg sei at han må legge seg med ein gong. Eg tør ikkje tenke tanken engong, om Stian også skulle bli dårlig. Han har sjøverksplaster, men om kvelden har han store problem likevel, på grunn av kombinasjon trøtt og orienteringsproblem. Han sei det er kaldt ute, så eg dreg på meg ullstilongs,bukse,ulloverdel, genser, Stian si jakke og redningsvest. At det er kaldt ute er ein underdrivelse. Det er bikjekaldt. Eg har ikkje sokkar på, men tullar meg inn i ett teppe. Det er ikkje nokk, og eg kjenne at eg blir kaldt på beina. Eg gir kattten om eg blir litt kald på beina, det skjerpar sansane. Kan alltidts varme meg når vakta er over. Det gjekk faktisk ikkje, beina var så kald at eg fikk ikkje varmen i dei før langt ut på neste dag.

Eg ligg i cockpiten. Treng ei pute til. Fortar meg ned og fram i forpiggen etter ei sånn stor pute. Styrtar ut igjen og spyr. Æsj. Der for eplet som eg hadde fått ned. Det er faktisk det einaste som gå an å ete og som er greit å spy opp igjen. Guro på Opportune lærte meg det. Alarmen på telefonen ringer. Sjå etter om der kjem båtar. Ingen båtar, berre en halv måne som stikk av klokka 0200. Eg legg meg fort ned og let att augane. Å ligge går greit, men å røyse seg opp gjer veldig låkt i bekkenet. Det skrik etter ei god seng å legge seg i, vil ikkje finne seg i å ligge på ein hard benk. Eg søv i 9 minutt før alarmen vekk meg igjen, slik held eg på til det lysnar. Teorien min går ut på at så lenge eg klarer å sitte oppe, så gjer eg det, slik at Stian får søve mest mulig. Eg veit kor vanskeleg det er for han om natta. Så får han heller ta ekstra lang dagvakt, no når eg er dårleg.

Dag 1;
Vinden har minka. Det tek ei stund før bølgene roar seg også. Stian passar på Elia, matar kona og styrer båten. Ut på dagen har bølgene minka betrakteleg. Mamma sende melding om at ho og bibelgruppevennane hennar har bedt for oss. Godt. Hilde sende medling om at eg ikkje må ete kvicklunsj. Vi har en att og den skal vi ikkje røre før vi ser land igjen, kvicklunsken blir vår ankerdram når vi endeleg kan sleppe ankeret ned på NZ!!

Havet har roa seg. Stian og Elia søv formiddagslur. Eg ligg ute på vakt. Er frykteleg svolten, men tør ikkje gå ned og lage til mat. Eg ligg å funderar på kva som er værst av å føde eller å vere sjøsjuk. Berre at eg tenker på fødsel gjer at eg grøssar og lurer på kva det var som fekk meg til å gløyme kor låkt det er. Å vere sjøsjuk er fælt, men definitivt ikkje værst.

Elia og Stian har våkna, vi lagar madagaskargryte, poserett frå Norge. Den luktar himmelsk. 4 skeier og så var det berre å få det ut igjen. Stian er litt sint. -Du må legge deg ned sei han. -Lat att augene. Han forstår ikkje at sjøsjuka har komt for å hærje ei stund, sjølv om sjøen har lagt seg veldig. Det var kanskje ikkje så lurt å ete sånn gryterett, tomatsmaken vart for sterk for magen min. Stian lagar til brødskive med litt jordbærsylte på. Den er eg heldigare med.

Vi er veldig fornøgd med forseilet! Det står utruleg bra, og vi minnast då vi bretta det ut for å sjå på det. Vi syns det var så lite, og flira littegrann, og tenkte at dette får vi aldri bruk for. No når vi har segla halve jorda rundt, kan vi med sikkerheit sei at vi viste knapt kva vi gav oss ut på. Erfaring er ikkje dumt, før ein legg ut på langtur, men det går jammen fint sjølv om ein ikkje kan så mykje likevel. Vi vinn ingen regatta med seilføringa vår, men vi kjem oss som regel dit vi vil.

Eg sa til Stian at eg ikkje må bli gravid på sjøen igjen. -Nei det var kanskje ikkje så smart, sa han. Eg huska mine egne ord når vi diskuterte det å bli gravid på tur. -Joda Stian, eg skal stå på. Det gjer ikkje så mykje om eg blir kvalm, eg skal jammen klare vaktene mine....No sitt eg her med skjegget i postkassa og føler meg litt skyldig. -Uansett så syns eg at det var godt tima, når vi likevel ville ha en unge til, Reidun. Han anar ikkje kor mykje dei orda varma. Beibin er ønska, og sjølv om det er tøft no, så veit vi at dette blir bra. Denne lillebroren eller lillesøstra blir spennande å få bli kjent med! En liten tøffing er i magen min, det er iallafall sikkert!

Vi går mot Minerva reef, men det er ikkje sikkert at vi stoppar der. Værmeldingane sei at det er berre å stå på å komme seg til NZ. Eit høgtrykk ser ut til å presse ned det nye lavtrykket som er på vei, dermed får vi kanskje 30 knops vind, men det blir frå sida og ikkje i fronten. Men dette er endå lenge til, vi kjem til å få det rolig intil då, trur vi.

No skal vi snart til på dag 2. Vinden har blåst opp igjen og vi seglar skarpt. Vi har ete mange gode ostesmørbrødskiver og har 94 nm igjen til Minerva Reef.

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Anonymous: Godt noen kan dra nytte av den spy-erfaringa jeg har gjort meg! Da ble det litt mer verd alle timene over rekka ;)

God tur videre!

Klem fra Guro.
Per Håvard: Jøye da! Hold ut der :) gleda mej veldi til dokke kjem heim! :)
Anonymous: Huttetu Reidun! Stakkars!!! Ej føle med dej. Gleda mej sinnsykt til at dåkke kjem på Norgesbesøk! Gla i dej.Det går nok bra til slutt. Husk å synge mykje om Jesus. Det hjelp. Storesøster:):):)
Legg inn ny kommentar


Nuku'Alofa
Publisert 2009-10-23 klokka 16:20:00
Watermelon kom igår!! Stian var på vei for å sjekke ut, men han måtte snu sykkelen då vi oppdaga den svarte seilbåten deira og høydre dei på vhf'en. Kjekt gjennsyn! Vi inviterte dei på spagetti middag om kvelden og Lea og Elia holdt ett fæla leven bak på soverommet der dei fann fram alle leikene til Elia. Jenter er fortsatt skumle greier, men det går greiere no når dei kjenner kvarandre. I bgynnelsen var Elia opptatt med å gi meg alle tinga han var redd for; -passe på! sa han og gav meg bukse, blokkføyte, fiskesluka og saftflaske..
Watermelon kjem til å vere her til tirsdag, før dei går til ei lita øy heilt nederst i Tonga gruppa. Eg vil også frykteleg gjerne dit, der vi får blant anna ri på hesta og gå fine tura i flott landskap, men Stian kjenne på litt tidsnød no, så vi sjekke ut på mandag og reise videre mot NZ. Kanskje dei når oss igjen på veien?

Idag er det markedsdag. Fullt i liv og røre rundt oss. Vi må bort og sjekke ut markedet som er fullt i ting og tang frå øya. Eg vart forresten invitert med på Kingdom Girls kveld på torsdag! Det var KONGE! Hæla i taket lovsang og hærleg forkynnelse av ei dame frå NZ. Veldig lenge sida sist samling ilag med andre kristne, så dette var kjekt. På søndag får Stian og Elia også vere med på møte og høre den spreke dama frå NZ. Det blir kjekt.

Vi har forresten oppdaga 2 gledelige ting! Vi skulle sjekke ut det andre seilet som vi hadde bortgøymd i båten. Det var i TIPPTOPP stand og skal seile oss trygt til NZ. Det andre forseilet er nesten øydelagt og kan revne kortid som helst. Dette seilet er mykje mindre og mykje bedre til skarpare segling, som det blir mot NZ. Flotte saker. Den andre tingen er at Elia slo på dieselvarmeren vår idag. Vi som trudde vi kom til å få ett kaldt opphold på NZ, fekk til vår store overasskelse høyre at dieselvarmeren starta opp og varma godt i båten. Vi trudde den var gåen. Flotte saker det også!!

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Hilde: OK folkens, då fær vi prøve å vere flinke å sende meldingar til Iridiumen. No kan vi godt sendt til alle døgnets tider for dei er alltid ein på vakt, og då blir det kjekt å få meldinger!
Reidun: PS: fikk til å legge ut nokken bilder, kos dåkke med bilder frå Tonga.
Mannskapet på Good Mood: Då har vi sjekka ut og skal seile idag, mandag 26 oktoer. Først går vi i 2,5 dag til et rev, Minerva Reef, og stoppar kanskje der. (avhengig av været) Deretter blir det strake vegen til NZ. Kjem til å ta 12-14 dagar totalt.

Vi skal prøve å oppdatere reisa, via satelittelefon, men husk at den kan gå istykker, så det kan gå ei stund til neste livstegn.

Sjåast på NEW ZEALAND folkens!

Stian, Reidun og Elia. pluss lilleskippern i magen:)
Legg inn ny kommentar


Fortsatt Nuku'Alofa Tonga
Publisert 2009-10-21 klokka 08:42:00
Nuku'Alofa vart ikkje slik som vi hadde fått advarsla om. Det var enkelt å sjekke inn og ei flott øy for oss som skal snart ut på en lang overfart. Her er butikkar på kvart ett gatehjørne, og mange vennlige folk. Ikkje rart øyane blir kalla for vennskapsøyane. Mange stopper opp og vil gjerne vite kvar vi kjem frå og korleis vi har komt oss hit. Vi får mange ulike reaksjonar på svaret vi gir om at har reist på havet i 1,5 år. Nokon sperrar opp augene og ristar på haudet, medan andre vil gjerne høyre meir om korleis vi klare å leve ombord i en liten båt langt ute på havet. Det beste eg høyrde var kommentarane då folk stimla rundt på kaia og ville sjå den store sverdfisken vi hadde med oss i dingyen inn paa kaia. -Har dokke verkeleg kjørt heilt frå øverste Tonga og hit i den lille dingyen i 3 dagar???? - Og attpåtil fått den svære fisken?? Eg har litt lyst å svare "ja, der er bad og soverom under dørkeplata, og at det var ein flott 3 dagers tur", men det er kanskje litt stygt gjort.. Det var fleire som lurte på det, ei lokal dame og ei amerikansk turist. hehe..
No har vi hatt syklane på land og fått såre setemuskla etter å ha utforska mykje av byen. Fint å sykle her, veldig flat øy. Det er kjekt å ligge så naert land også, sjølv om dei andre langturseilerane ikkje vil ligge fortøyd til land, fordi der kan komme rotter ombord. Dei kan bære våge seg ombord i Good Mood. Då blir det kamp. Slik vi ligg no, so ligg vi med ankeret ute framme og 2 tau opp i land, fortøyd til ein molo. Vi nyt bylufta, livet og ungdommane som badar og støyar om kveldane. Vi nyt synet av bilar, yrande kailiv og grønnsaksselgera overalt. hehe...hatt lite av det i det siste forstår dokke;)
Vi sjekkar veret med jamne mellomrom. Idag kom der mange nye langturseilera, som også skal krysse over til NZ, så vi kjem til å forhøyre oss litt rundt omkring før oss tek til på den siste lange etappen vår for denne sesongen.

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Las Primas: Fantastisk å lese alt dere opplever! Stillehavet må være et flott sted å seile. Ser det går mye i fisking enda:) God tur over til New Zealand!
Cecilie
Legg inn ny kommentar


Nuku'Alofa - Nederste Tonga øygruppe
Publisert 2009-10-18 klokka 12:50:00
3 dagar med dag-seiling! No er vi framme på Nuku Alofa. Vi har aldri fått så masse fisk før!!! Vi hadde til og med på en stor MARLIN!! Vi såg den kor den hoppa og sprella der bake og rasa ut med 200meter med line før vi klarte å få den inn igjen på sida. Desverre klarte den å rykke seg laus etter 15-20min og svømte sin vei... Ikkje av dei store marlinane men kansje en plass mellom 100 og 200kg. Eg blei så lei meg fordi eg såg at ditta kunna blitt vinnerfisken i fiskekonkuransen, og vi kunna sløppe ditta fiskeriet på vei ned mot NZ. Eg gjekk å la meg i senga. Der blei eg stort sett heile dagen med dundrande haudepine, medan Stian og Elia sveiva inn den eine fisken etter den andre. Dorado (mista når den skulle kleppast), dorado igjen x2 og tuna. Fekk også en fisk som vi aldri har fått før, og den slapp vi ut igjen. Sist men ikkje minst fekk vi inn ein lang SAILFISH på 40 kilo, og den var 2 meter og 60 cm! Det er ganske stort, men ikkje nok til å vinne konkurransen, som vi forøvrig ikkje deltek i ;) jada jada... no er eg sliten. første dagen nedover hit var eg så sjøsjuk. spydde heile dagen. hørte fisketroa kor den hvinte sint og sprang til for å hjelpe stian. Fekk inn dorado og Wahoo som tidlegare skreve. Når eg endeleg hadde fått litt kvil på auga og høyrde fisketroa hvine igjen, då var eg ikkje blid. Eg nekta å stå opp, men la meg til å sove igjen. Gutten får styre på sjølv. Tilslutt måtte eg opp å smugkike om alt gjekk bra; der står stian, med redningsvesten på, fastbitta til båten og sveiva inn ein flott dorado etter å ha sleppt ned seila så båten gjekk saktere. Det var berre å krype opp i senga igjen før sjøsjuka overmanna meg igjen, gutten klarde seg heilt flott på eiga hand!

No sit vi paa ein liten restaurant og laaner internett og et mat og is heilt gratis. Uteplassen fekk nemleg sailfishen med oss saa dei kan nok servere fisk i mange veker framover. Tunaen gjekk til ein annan langturseiler som ligg oppankra her. Skal bli godt og faa i seg mat (biff!) og legge seg etter all fiskinga og seilinga.

Reidun
Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


SMS frå Good Mood i dag tidleg
Publisert 2009-10-16 klokka 04:15:00
Vi har komt fram til midterste av Tonga-øyene. Vi har fiska ein Dorado og ein stor Wahoo på 20 kilo. Wahooen ga vi til ein lokal familie her. Har vore litt sjøsjuke og også hatt ein fin gåtur i land.
Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


Vavau, Tonga
Publisert 2009-10-12 klokka 15:13:00
Det er på høg tid med ei oppdatering frå Good Mood i Stillehavet. I skrivande stund (mandag 12.okt) ligg vi oppankra utanfor byen Vavau, i den nordlegaste øygruppa som tilhøyrer Tonga. Her ligg mange seglbåtar, og hovedtema som går igjen når vi møtest er overfarten frå Tonga til New Zealand. Mange av dei som ligg her skal vidare sørover og vi diskuterar fram og tilbake kortid det er lurast å starte. Omtrent alle vi treff på har kvar si oppfatning om kva som er best å gjere.

Slik vi har forstått det så er det endå vinter og veldig kaldt i NZ (New Zealand). Utanfor kysten hærjar det vinterstormar og uvær. Raportar frå seilbåta som held på med overfarten no, kan fortelle om stormfokk og mykje vind og sjø. Det heiter at til lenger ein venter med å krysse til NZ, til bedre sjangse har vi for at det vårast og fineveret kjem til NZ. MEN til lenger vi venter på Tonga, er sjangsane større for å oppleve syklon her i området. No er det veldig lenge sida sist syklon, Niue hadde ein i 2005 og på Tahiti har dei ikkje sett ordentleg syklon på 20 år. Mange båtar vil derfor berre gå til Fiji og sette frå seg båten der, då slepp dei den lunefulle overfarten til NZ.

Vi har bestemt oss for å gå til NZ. Det vart avgjort for ei god stund sida. Der skal vi fikse lekasje i alle vindu og sette båten på land før vi dreg heim til Norge!! Jippi! Bilettane er allereide bestillt og betalt, så vi gler oss til å komme oss til NZ. Det var berre dinna lange sjøturen over dit då..... Som dåkke sikkert forstår er det tanken på overfarten som oppheld oss no for tida. Vi har vanskeleg for å slappe av og oppleve Tonga. Mykje av energien går med på å gjere klar båt og proviantere. Heldigvis klare vi å legge litt til side bekymringane og kose oss ilag med gode venner.

Dette er det vi har gjort på siste veka;

Som vi skreiv i dei kryptiske og forkorta satelittmeldingane, så har vi vore oppankra i 3-4 dagar ved ei nydeleg strand der vi spelte volleyball og bygd sandslott. Der låg også Opportune (Rune,Eva og Ingali) og Choceliko (med svenske Theres og norske Helge ombord). Volleyball er kanskje ikkje det luraste ein spelar, når ein er gravid med bekkenløysing, men eg klarte ikkje å halde meg unda. Det var godt å få bevegd kroppen trudde eg, og deltok med 110 % innleving! Straffa kom dagen derpå, då eg ikkje kom meg ut av senga på eiga hand. Eg gjekk mest og vagga som ei and og klaga over smerte i rygg, bekken og nedover beina. Jaja.. Heldigvis vart eg gradvis bedre, og eg må nok berre innsjå at eg ikkje bør gjer slike stunt fleire gongar. Men du kor gøy det var! Kjekkaste dagen på lenge!! Bekkenløysing med smerter er ikkje noko ein skal spøke så mykje med. Det er stygge saker, så framover blir det full fokus på å ta det litt meir piano, så eg er 100 % seildyktig på overfarten til NZ.

To av dagane vart det mykje vind, så Stian heiv seg med Chokeliko, Theres og Helge, og fekk prøve kiteboarding! Han storkosa seg, medan vi heime i båten baka brød, bolla og kanelisvingane!

Tilbake til byen, Vavau, møtte vi Watermelon! Lea og Elia fann fort tonen og sette igang å utforske leikene på rommet til Lea. Vi voksne prata mest om tsunamien, opplevelsane vi hadde hatt ved dei forskjellige øyane og sjølvsagt måtte mannfolka skrøne litt om fiskeriet. Eg veit ikkje om eg fortalde at der er ein fiskekonkurranse på gang. Dei som er med er Canela (Brasil), Govop (Frankrike) og Watermelon (engelsk/fransk). GOOD MOOD FÅR IKKJE DELTA!!! HAHAHA. Fiskekonkuransen starta i Panama, og vi fekk ikkje høyre om den før på Bora Bora. Då vi blei nærare kjent med guttebåtane canela og govop ved ein grillfest på Bora Bora, sa dei at vi sjølvsagt skulle få delta i fiskekonkurrasen. Etter som kvelden vart lystigare og guttane oppdaga kva mørefiskar dei hadde invitert med seg, endra dei etterkvart meiningar og kom med alle mulige unnskyldningar for at Good Mood ikkje kunne delta likevel. Korleis i granskauen trur dei at vi to aleine skal klare å fiske ombord ein gedigen monsterfisk? Alle dei andre er 3 eller 4 ombord i båtane. Eg syns eg ser det, ein gedigen fisk opp på sida, Stian sliten etter ørten tima bak fiskestanga, og eg har styrt båten. Kven skal kleppe fisken? Elia? Eller skal han styre båten og eg kleppe fisk? Åja, STIAN skal holde fiskestanga med eine handa, og kleppe fisken med andre. Det går sikkert bra. Nei, tull og tøys, det skal bli meg eit underleg skue. For vi skal fiske storfisken, det lova Stian seg sjølv då han blei utestengt av konkurransen;)

Så langt ledar Govop med Yellowfin Tuna på 70 kilo.Vinnaren får ei flaske rom, når konkurransen avsluttast på NZ. Kva skulle vi vel gjort med ei flaske rom, kan dåkke spørre, vi drikk no ikkje alikevel... Tja, vi har høyrt at ei flaske rom er fint å ha ombord til å dynke gjellane på fiskane vi får. Romen verkar bedøvande på fisken så den blir lett å handtere ved bløgging. skulla alltids funne nokke å bruke romen til, skal vere godt i sjokoladekakefyll også har eg høyrt;) Viss oss vinn, og vi mot formodning skule få romflaska, så skal taparane få smake sjokoladekake med masse romkrem og romfyll!!!!

Stian har forhøyrt seg med lokale fiskarar og dei kan fortelle at der er store marlina som ligg å ventar ved kaldare vatn på vei til NZ! Stian og Elia er allereie i full sving med å lage ekstra fiskesluka og sjekke at alt er klart for fiskeri. Den nyaste ideen han fabla om var spreiera (lange stenger som står ut frå båten) for å få fiskesnøra lenger ut til sidene. Heilt tullete.

Eg har igrunn ikkje skreve så mykje om korleis vi hadde det på Niue. Det er igrunn litt dumt, for nokre av dei kjekkaste opplevelsane vi har hatt på lenge, opplevde vi der på øya. Om nokon lurer på å ta turen innom øya, så kan den anbefalast på det varmaste!

Nokre stikkord om NIUE; Steinen i havet, lite folk (ca 1500), rolege forhold, ingen eller lite kriminalitet. Glade og vennlige menneske som gjerne vil fortelle om kultur, historie og attraksjonane ein måtte få med seg på øya. Store grotter, ferskvannskulper og ikkje minst dykkeropplevelsane rundt øya. Kvalane som kom veldig nær båten var ei spektakulær oppleving. Ja vi la no ut nokre bilder i albummet, der dåkke fekk sjå det meste av det vi gjorde på på Niue. For dei som vil ha restaurantar og uteliv, er ikkje dette rette øya å besøke. Dei få restaurantane som var der på øya, hadde kvar sin opningsdag:) Opportune prøvde visst den lokale buffeen med mykje god lokal mat, ein stor suksess! Ellers må det nevnast at der var knallklart vatn rundt øya, nydlege hummera som Stian fanga og ellers ikkje så rikt fiskeliv, men fine undersjøiske grotter.

I kveld har Good Mood en date med Opportune. Dette er siste kvelden vår ilag, så vi stikk på Pizzarestaurant og har avskjed der. Veldig trist at våre veier skiljast her, men slik er et på langtur. Ein får mange nye venner, som det alltid er like trist å skiljast ifrå. Første gong vi møtte Opportune var i Spania, og vi har hatt stor glede av å møte dei igjen på forskjellige stader på veien. Vegen vidare for dei går til Australia. Kven veit, kanskje vi er så heldige at vi treff dei igjen når vi seglar videre etter 1 års pausa i Norge? Det hadde vore knallbra!


Imorgo (tirsdag) reiser vi sørover. Vi slepp ankeret ved sørligast øya, og går vidare neste dag til andre øygruppa i Tonga. Der har vi ikkje planer om å sjekke inn, berre søve og så gå vidare til siste øygruppe Tongatapu. I Nuku'Alofa, byen ved Tongatapu, skal vi oppdatere oss på været og vente på rette øyeblikket for kryssinga over til New Zealand.

-Reidun

ps: vi har kryssa datolinja! Den kryssa vi då vi var på vei frå Niue til Tonga, laurdagen berre forsvann ut i det blå for oss. Så no ligg vi ein dag framom dåkke der heime i Norge.
Kommentarer til innlegget:
Ingen kommentarer
Legg inn ny kommentar


SMS frå Good Mood i kveld 06.okt.
Publisert 2009-10-06 klokka 12:46:00
Vi he ankra opp v.ubebodd øy.nydli strand.geite å flygande hunda.grilla dorado m.oppotune å kykeliky på stranda.hengekøye å linegåing
Kommentarer til innlegget:
Hilde: SMS frå Good Mood i dag: Vi fik kjap meld om jordskjelv.ingen tsunamiFARE her på tonga.lig på same plas.pos:18.44.91S 174.05.17W IGÅR:sandslott,herli sandvol.voleykamp!bading å sol.seinere alle(opp.ky.gm lasagne m.kykliko(theresåhelge.IDAG:brødbak,bolla,pingu,stian kite,vind,idiele forhold.

Posisjonen er innlagt på kartet! Hilde
Legg inn ny kommentar


Niue
Publisert 2009-09-29 klokka 21:44:00
Vi ligg fortsatt på Niue. Av 9 båtar, er her berre 3 igjen. Resten drog vidare til Tonga. Egentleg skulle vi også seile idag, men her er så rotete i båten og mykje klevask som må gjerast, så vi blir nokre dagar til. Jordskjelvet som ramma deler av stillehavet, mest samoa, er triste saker. Vi har ikkje merka så stort til verken jordskjelv eller bølger, men vi er klar over at det kan komme fleire jordskjelv, så då er vi kjapp å sleppe mooringen og fare ut på sjøen om det skulle skje noko. Å ligge her så nært klippene er ikkje noko draumesituasjon i tilfelle jordskjelv, men vi er no advart så vi veit kva vi treng å gjere ved nytt jordskjelv. Tenker mykje på Watermelon no. Vi reiste samtidig ut frå Bora Bora, dei skulle til Samoa, medan oss valgte den sørligaste ruta og Niue. Håper leikekompisen til Elia har det bra. Vist Lea og familien hennar var på Samoa då tsunamibølga traff øya, så håpar eg at dei vart advart i tide så dei kom seg lenger ut på sjøen. Reknar med vi får vite meir om dei når vi kjem til Tonga.

Her er forresten veldig stor action rundt båtane våre! I det eine augeblikket skravlar Stian med TV og aviser som ringer frå Norge, medan i andre augeblikket hoppar han i sjøen og svøm ilag med gigantiske knølkvalar! Dei kom så nær, at eg viste ikkje kva som kom til å bli den store nyheita herifrå, tsunami eller Stian som nær blei slått ned av sint kval. 3 stykker svømte så nært at det vart berre bilde av snute eller haletipp. Heilt fantastisk opplevelse, skummelt men vanvittig spennande også;)

Reidun

Kommentarer til innlegget:
Bjørg: Mail frå Good Mood, 04.okt.09: Vel framme på Vavau Tonga saman med mange andre seilbåtar!
Anonymous: godt å hørra dåkk har det godt og e trygge, tenker møye på dåkk!!
Hilda Ruffen
Reidun: Hei alle mann. No fredag 2.okt, sleppe oss fortøyninga til bøya, og sette seil mot Tonga. Det er meldt fin medvind, så då blir det spridde seil og litt rulling på sjøen. Satsa på at det går bra. Finskebåten Nanea kjem etter imorgo. Til Tonga,Vavau, tek det ca 2-3 dagar. Husk at på sjøen har vi det bra om det skulle komme nokke nytt jordskjelv eller tsunami. OG at satelittelefonen kan dette i golvet og gå i tusen knas. Då får dåkke berre vente til vi har komt fram, før dåkke får høyre siste nytt. Uansett, ditta går heilt fint! Vi har en trygg båt og en solid skipper, eller var det omvendt? :)

See you on TONGA!
Reidun: I går og i natt kom der ei bråte med seilbåtar,9 stk i alt, frå cook øyane. Mange har vi møtt før, og Canelaguttane kunne fortelle at Watermelon har det bra! Dei var på samoa, men vart ikkje råka av tsunami bølge, og no er dei på vei til Tonga. Jippi!
Mannskapet på Good Mood: No he oss vør intervjua av VG, TV2, P4 og NRK Møre og Romsdal. Stian hoppar i havet ilag med finnen Jussi, dei skal ut og sanke inn hummer til kveldsmaten. Håper dei ikkje treff på svoltne haiar.
Legg inn ny kommentar


Niue
Publisert 2009-09-29 klokka 14:15:00
Ei lita melding frå Good Mood. Vi har det berre bra og er ikkje ramma av tsunamibølga her på Niue. Jordskjelvet kunne kjennast her på øya og no har vi og alle andre båtane gått et stykke ut frå land berre for å vere sikker på at vi er trygge. VG ringte akkurat på satelittelefonen og intervjua litt:)
Kommentarer til innlegget:
Hilde: Kort kommentar på vg.no om dåkke ser ej ja!
Legg inn ny kommentar


Beveridge - NIUE
Publisert 2009-09-22 klokka 10:40:00
Tabbe. Elia kjem til å stå klar med fiskestang og klepp når eg skal føde. Han trur der er ein hai i magen min.

Beveridge Reef er ikkje noko øy, men eit stort ringrev. Inni revet er det sandbotnen og 10-14 meter djupt. Revet er ca 5 km i diameter og arealet blir då ca 19 kvadratkm. Det er stort og veldig rikt på fiskeliv. Då vi segla inn mot revet fekk vi napp på stortroa. Den raste ut som en sint biesverm og vi hadde fullt arbeid med å få snudd båten og køyre etter fisken. Då Stian hadde fått sett seg i den heimelaga fiskestolen og byrja på innsveivinga, var det faktisk ikkje lenge før han kunne sveive inn store fisken. Eg veit ikkje når det vart lettare å sveive, men Stian trudde at fisken plutseleg svømte mot båten. Opp til overflata kom der eit kjempestort tuna - haud? Der hadde forsyne meg haien vør og bete av tunfisken vår, rett bak gjellane. Og eg som hadde gleda meg til å få bade inne i laguna her.. At vi mista fisken tok vi ikkje så tungt. Cerinus (canandabåten med Vicky og Noah) kom inn litt seinare med ein stor tunfisk som dei delte ut til alle som var svolten. Ein eller annan plass har eg lese at gravide skal halde seg langt unna tunfisk fordi nokon inneheld tungmetall, så eg er ikkje så aktiv tunfisketer, men Stian og Elia tek seg gjerne ein bit.

Vi kom samtidig med finsk/svenske båten, Cerinus kom nokre tima etter og til kvelden kom Opportune også. Då hadde vi allereie hatt stor hai action ombord i Good Mood. Tidlegare på dagen hoppa Stian og Noah i våtdraktane og dykka borte ved reva. To forskjellige versjonar av dykket gjer at eg må gjenngi begge. Ivrig og engasjert Noah: Fantastisk å dykke her! Vi såg store og lange grotter som vi kunne svømme inni. Ikkje så mange fiskar, men litt haiar. Spektakulære grotter! Skuffa og bortskjemd Stian: tje, det var ganske dødt her, litt stilige dissa grottene, men her er no ingen fiska eller farga korallar. Pipa fikk derimot ein anna lyd då han skimta ein grå skugge under båten vår. Stor hai!

Til å begynne med var det morosamt å hive ut middagsrestar og sjå kor den slukte maten, så vart det meir nervepirrande når haien ville til å biten over gummibåten. -Eg skal fiske den haien, høyre eg Stian sei. - Nei det skal slettes ikkje gjer, sei eg. -Jo, sei han, -no må eg få leike meg litt Reidun. Eg var så sur fordi eg hadde sett kor stor den var så eg gjekk ned og begynte på oppvasken. Etterkvart høyre eg hoiing og plasking ute, og der har Stian fått hai på kroken. Eg bykse til for å passe på at Elia ikkje forvillar seg ut på dekk, men han sitt allereie trygt i cocpiten. Med trillronde auge sei han; -pappa fissha STO hai!

Og stor var den; vi målte den til 170 kilo på vekta! Etter nærmare studie og fotografering såg vi til vår forundring ein liten beibi hai hale stikke ut frå undersida av magen på haien. Eg tenkte at Elia skulle få lære litt om skaperverkets under og fortalte at haien har beibi i magen sin, akkurat slik som mamma.... Trudde eg var lur der. Kom på andre tanker då eg såg korleis Stian forrøkte hai beibin. Då det var sete fødsel og det var vanskeleg å få han ut, tok dei bere kleppen og drog beibihaien ut med ett fast grep. HJELP! Skal aldri nevne heimefødsel meir. Elia gjekk stolt rundt på dekk med den nye leikekompisen hengande over skuldra. Stinka som fy, men det brydde ingen seg om. -Mamma haibeibi i magen? spør han no.... eh...ikkje akkurat men...

Det er forresten ikkje berre Elia som lurer på kva som føregår i magen min. Her ein dag låg eg som ei stranda ku på senga, og Stian studerte den rare forma på magen. -Det sparka og sprella inni der, sei eg romantisk, då eg får eit undersøkande og skeptisk blikk frå Stian; -Er du sikker på at der ikkje berre er fullt i makkar som ligg å svell då? KVAR HAR HAN DET FRÅ????? I det siste har vi vore litt gretne alle mann. Mykje seiling og lite søvn. Ei gravid dame er antageleg ikkje like enkel å ha ombord, denne gongen var det Stian sin tur til å vere litt ond. Svangerskapskontrollar har eg ikkje brydd meg særleg om. Barnet er der uansett og det er ikkje så mykje eg kan gjere frå eller til anna enn å ete sunt og passe på meg sjølv. Kanskje det likevel ikkje hadde vør så domt med ein ultralydundersøkelse, både for Elia og Stian sin del.

Igår (mandag) kom vi oss til Niue. Øya blir kalt for klippen, og det kan vi godt forstå med bratte veggar rundt heile øya. Her skal vi vere ca 5-7 dagar før turen går vidare til Tonga. På Niue skal det vere fantastisk sikt i sjøen og mykje spennande grotter å dykke på. Stian gler seg veldig! Det første Elia sa når vi hadde festa oss til mooring, var at no måtte vi få dingyen på sjøen og komme oss iland for å kjøpe is! Det vart is og deilig osteburger på den lokale yahtklubben.

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
sigrid: Tenk at de er ute å siglar enno..
Syns det er SÅ lenge sidan dokke reiste..
Så koseleg med baby..
Ta vare på deg sjølv Reidun og hels systå m fam.
Legg inn ny kommentar


Aitutaki - Beverage Reef: dag 3
Publisert 2009-09-15 klokka 13:44:00
Det er natt, mørkt og kaldt. Eg sit og betraktar horisonten som er vanskeleg å få auge på. 3 dagar bak oss ligg Aitutaki, 2 dagar framover ligg Beverage reef. Klokka er 2. For berre nokre timar sidan fann vi ut kva spribommen vår tølte/ rettare sagt; ikkje tølte. No ligg han framme på dekk, knekt av på midten.

Eg har fleire rettelsar å komme med i dette reisebrevet. For det første ligg ikkje Aitutaki heilt nord i Cook øyane. Den er den nordlegast av sør-cook øyane. Her stoppa vi i 3 dagar før vi på laurdag sette avgårde mot Beverage reef. Vi hadde igrunn ikkje tenkt å gå iland, då vi måtte betale 900 kroner i inn og utsjekking av Cook øyane. Dessutan var det ruskevær, og Stian ville ikkje forlate båten så langt ute frå land. Vi ankra opp på ett korallrev som stakk 4-5 meter. At fortress ankeret klarte å feste seg på det som ligna på ein stor stein var bra, men etter å ha dykka der såg Stian kor lite som skulle til for at vi dregga og mista feste heilt. Fortress skal vere verdens beste anker, men berre når det gjeld sand og gjørme botnen, vil no eg påstå. Vi var likevel freista å gå iland fredag kveld, då Rune tok med grillen inn og vi satt ein gjeng og grill pølser og anna godt. Det viste seg at vi kom til å bli 8 båtar som skulle gå frå Aitutaki på laurdag, 4 av desse skulle til Beverage reef. Det var finsk/svenske Svante og Patrik, Canadiske Noah og Vicky frå båten Cerena, Opportune og Good Mood. Det var kjekt å vere iland og stunda vart koseleg der alle prata med alle. Spesielt morsomt var det for Stian når mannskapet frå ein 100 fots seilbåt kom og hadde litt spesielle forespørsmål. Eg huska båten frå San Blas, der vi fekk 2 store Blue Marlina. Eigaren av 100 foteren var då ombord og ropte til oss for å spørre kor tunge fiskane var. No hadde skipparen eit spørsmål til oss om vi ikkje kunne slutte å fiske opp Blue Marlinane. Dei hadde sjølv prøvd lenge å få stor Blue Marlin, og ikkje langt frå Galapagos fekk dei en tunfisk på 150 kilo!! Yellowfin tuna. Eg kom med forslaget at når eigaren kom tilbake til skuta si, så kunne han få bli med i Good Mood ein tur for å fiske etter Blue Marlin. Hihi... Det hadde tatt seg ut. Mannskapet frå den store seilskuta var 2 franske par. Dei skulle vere med skuta jorda rundt i 3,5 år. Eigaren sjølv var med sånn av og til. I panama gjekk han av fordi han ville ut og fiske, men skulle komme tilbake når skuta kjem til Tonga og vere med på overfarten til NZ. Både Stian og eg gle oss til å møte dei igjen for å utveklse nye røverfiskehistorier.

Den andre rettelsen er at vi ikkje er så mutters åleine som eg vil ha det til. Guds eksistens er utan tvil. Hans skaparverk får vi sjå kvar ein einaste dag og ikkje minst kjenne på, etterkvart som det blir meir og meir liv i magen min. At Gud er med oss i båten har eg inga tvil i. Likevel er det av og til ganske fælt her ute. Eg spør ikkje Gud om å forenkle kvardagen. Eg ber han om å hjelpe meg å møte dei utfordringane som kjem. Uansett kor kristen eg kan vere, så er det ikkje gøy å sitte i mørke og høre at det kjem ei brølape av ei båre som slår inn mot skutesida. Det einaste eg veit med sikkerheit er at eg ikkje er redd. Eg veit at Gud held si hand over oss. Om det skulle skje nokke, så er det forderdeleg skummelt og utfallet kan bli tragisk på mange måtar, men frelsesvissheita kan ingen ta ifrå meg. I det siste har eg tenkt på Peter, disippelen til Jesus. Då læresveinane var ute på ett vatn i båten sin og fekk skikkeleg drittvær, såg dei plutseleg ett gjennferd komme gåande på sjøen. Nokon ropar plutseleg at det er Jesus og Peter utfordra Han og sei: -vist de er du Jesus, så sei at eg skal komme til deg på vatnet. Eg trur ikkje Peter var særleg høg i hatten då Jesus svarte at han må berre komme. Men Peter han prøvar seg. Går forsynemeg på vatnet imot Jesus. Det er då det interessante skjer, Peter kjenne vinden som dreg i han og vil skubbe han overende. Han blir livredd, får panikk og begynn å synke. Peter var no ein fisker, og for meg er det nesten naturleg å tru at han kunne svømme. Vist han ikkje kunne det eingong, ja då var han modig som gjekk ut på vatnet. Om han så kunne svømme, så er det likevel endå dritvær med vind og bølger og Peter er redd for å gå under. -Herre, frels meg! ropa han fortvila. Jesus rekke ut handa og dreg han opp igjen på vatnet og sammen går dei tilbake til båten. Ei bemerkelsesverdig historie. Eg har ikkje tenkt å utfordre Jesus i å la meg få gå på vatnet sjølv om det sikkert hadde vore ganske kult. Men tenk at ein kan klare det ein vil dersom ein har augene retta på Jesus. Hærleg! I første omgang spør eg om kraft til å klare kvardagen når Elia vil ha meg til å lese bok, Stian må søve og eg har vakt og spyr i bøtta.

hm. nokk preike for denne gong.

Første natta ute var ganske kjekk fordi vi såg 3 andre båtar samtidig. Hadde litt å gjere på og natta vart ikkje så einsformig. Det var likevel ruskevær med store bølger som kom brølande inn bakfrå og inn i sida på båten. Vi hadde veldig god fart og der var litt skyer på himmelen, så en kunne såvidt skimte nokre stjerner. Første natta er alltid værst, då vi ikkje har fått inn rytmen endå, og er veldig trøtte. Eg trudde eg skulle få hjertestopp då eg snudde meg bak for å ta ein utkikk i halv 4 tida. Eg kika rett inn i eit merkeleg lys. Årene fraus til is og eg kjende adrenalinet ruse gjennom kroppen; -Kven i granskauen har klart å komme oss so nær at dei lyse på oss med lyskaster? Er det ein båt er vi ille ute, tenkte eg. Lettelsen var derfor stor då eg oppdaga til mi store forarging at månen hadde lurt meg igjen.. Den hadde akkurat kom opp av horisonten. Gul og halvegs gjømt bak nokre skyer såg den ut som en lyskaster. Eg hadde ikkje så mange fine ord å seie om den månen der og då. -Fy deg stygge måne som narrar jenter små, hadde søstra mi sagt.

3. dagen var altså første dagen utan sjøsjukeverk!! Eg prøvde meg på en forsiktig ny halleluja, og då det lukkast å seie det utan å spy vart eg hoppande glad. Så glad at formiddagen gjekk med på å lage mat. Etter 3 dagar på havet utan å få i seg skikkeleg mat kan dåkke tru eg var svolten. Først kokte eg poteter, surra løk med masse smør og steikte litt av den store doradoen vi fekk. Så sette eg på pizza deig, og på ettermiddagen laga Elia og eg pizza med masse ananas og tomater på! Elia var flink og hjelpe meg med ananasen og osten på toppen. -legge puslespel, sa Elia og danderte osteskivene fint utover pizzaen.

Vi ser ikkje noko til dei andre båtane no, men har snakka med Opportune som ligg ca 40 nm bak oss. I går hadde vi vhf kontakt med Cerena som kunne så vidt skimtast bak oss. Som sagt vart vi litt overmodig og strakte spribommen til bristepunktet for nokre timar sidan. Det var ikkje så veldig mykje vind og spribommen var heilt ute, då der kom eit vindkast som resulterte i at spribommen knakk tvers av på midten. -Det vart en dyr lærepenge, høyre eg Stian sukke når eg kjem opp for å sjå kva som har skjedd. Framover kjem det til å bli ei utfording å få seilet til å stå i medvind, men vi får seile så godt vi klarer og heller hive seilet over på andre sida når vi har komt for mykje i feil retning.

Snart framme no på Beverage reef. Det blir spennande.

Vi seiler med 5kn fart, og vi har 104 nM att til Beveridge Reef
Posisjonen er oppdatert.

-Reidun
Kommentarer til innlegget:
Onkel Anders: Hei alle langturdrøymera! Snakka akkurat med langturbroren min på sattellittelefon. Dei var på Beveridge Reef fortsatt. Skulle kanskje reise videre om eit par dagar. Då set dei kursen mot Niue, som ligg 230km mot nordvest. Til sammenligning er det ca 400km frå Brattvågen til Shetland. Stian hadde tatt livet av ein relativt stor hai. Trur han sa 140kg. Veit ikkje kva vi skal kalle det: miljøkriminialitet? eller stor idrett? Der ligg ein søkken båt på revet der dei ligg. Dei skulle kanskje ha grillparty ombord i den no. Den er det nærmaste dei kjem fast grunn under føtene akkurat no. Ellers var alle ombord friske og fine. Litt sjøsjuke i ny og ne. Vi snakka også om heimreise, men det er fortsatt vanskeleg å seie noko sikkert om tidspunktet.
Onkel Anders: Petejto petato.. Ei kjapp måling på Google Earth vise at dei e ca midt mellom Tahiti og NZ.
Hilde: For den som bruker Google Earth for å sjå kvar Good Mood oppheld seg: Ser ut til at Reidun har lurt oss igjen. Dei er på vei mot BEVERIDGE REEF slik det står i kommentaren under reisebrevet, ikkje Beverage. Hilde
Legg inn ny kommentar


Du er besøkende nr: 67993
Besøkende siste døgn: 89